Sosioonomastikk – kven er du og kva vil du?

av Gunnstein Akselberg

Ei retorisk tilnærming

Denne vesle teksten har som føremål å stilla nokre retoriske spørsmål til fagfeltet sosioonomastikk. Altså spørsmål som det eigenleg ikkje vert venta direkte og konkluderande svar på, men som eg her hovudsakleg stiller for å trengja nærare inn i innhaldet og forståinga av kva sosiononomastikk eigenleg er, for å setja i gang refleksjonar og resonnement omkring fagfeltet sosioonomastikk knytte mellom anna til definisjonar, avgrensingar, funksjonar, metodar, data, analysar og modellar.

Dei retoriske spørsmåla i denne teksten set temaa knytte til sosioonomastikk – som eg har teke opp i to av dei tidlegare blogginnlegga mine – inn i meir eit overordna perspektiv. Intensjonen min er i utganspunktet å fokusera på dei allmenne rammene omkring fagfeltet sosioonomastikk, og vil såleis også kunna ha relevans for fleire andre fagdidiplinar.

Tidligare blogginnlegg:
Sosioonomastikk vs sosiolingvistikk. Forsøk på å skissera bakgrunn for ein definisjon av disiplinen
Termen sosioonomastikk (socioonomastics)

Typar retoriske spørsmål

Det finst fleire typar retoriske spørsmål som vinklar spørsmål, som ein ikkje forventar direkte svar på, på ulik måte. Tre hovudtypar retoriske spørsmål er hypophora, epiplexis og erotesis.

  • Hypophora
    Den første typen retorisk spørsmål er hypophora. I desse tilfella vert det stilt spørsmål som spørsmålstillar straks svarar på sjølv. Svar på slike spørsmål vert ofte følgde opp med råd, visdom eller ein moral.
  • Epiplexis
    Den andre typen retorisk spørsmål er epiplexis. Slike tilfelle har me når ein fornærmar nokon eller klagar på eit faktum for å oppna eit bestemt resultat. Desse spørsmåla har som føremål å fornærma eller å klaga på noko, for på den måten bebreida eller provosera nokon, og slik prøva å overtyda nokon om noko.
  • Erotesis
    Den siste typen retorisk spørsmål er erotesis. I slike tilfelle er svara på spørsmåla som blir stilte, meir eller mindre tydeleg underforstått i sjøve spørsmålet. Til dømes ved at det i spørsmålet finst ei implisitt stadfesting eller avvising av noko.

Desse tre typane retoriske spørsmål har alle det til felles at dei ikkje implementerer direkte svar, og difor kan dei lett forvekslast med kvarandre. Det fleste av spørsmåla i denne teksten har nok hovudsakleg karakteren erotesis. Spørsmåla er sette opp i tilfeldig rekkjefylgje.

Aktuelle spørsmål

  1. Er det råd å avgrensa fagfeltet sosioonomastikk tydeleg frå andre fagdidiplinar?
  2. Er det ynskje om å avgrensa fagfeltet sosioonomastikk tydeleg frå andre fagdisiplnar?
  3. Kva for føremål finst for å avgrensa fagfeltet sosioonomastikk?
  4. Er termen sosioonomastikk meir ein fagleg mote-term enn ei nemning med eit viss reelt innhald?
  5. Treng me eigenleg termen sosioonomastik?
  6. Slik me ser termen sosioonomastikk brukt i dag, er den eigenleg ikkje berre eit tomt klistremerke utan reell substans?
  7. Skal alle mogelege fagdisiplinar kunna smukka seg med termen sosioonomastikk?
  8. I termen sosioonomastikk er det førelekken sosio- som avgrensar disiplinen sosioonomastikk, men gjer han i praksis eigenleg det?
  9. Lekken sosio- i termen sosioonomastikk kva står den eigenleg for?
  10. Bør lekken sosio- ha eit tydeleg (semantisk) innhald som både forpliktar, signaliserer og forklara kva disiplinen representerer?
  11. Er lekken sosio- ein gummistrikk som har fått eit upresist og uforpliktande innhald?
  12. Burde termen eigenleg ha vore namnesosiologi (jfr. språksosiologi versus sosiolingvistikk) eller noko heilt anna?
  13. Slik me ser avhandlingar og artiklar i dag, som påberopar seg å vera innom fagfeltet sosioonomastikk, med svært mange særfaglege utgangspunkt, skulle me heller kalla slike onomastiske tilnærmingar for til dømes geografionomastikk, religionsonomastikk, historieonomastikk, antropologionomastikk, psykologionomastikk, økonomisk onomastikk, politisk onomastikk, mental onomastikk, matematisk onomastikk, fysikkonomastikk etc. etc.?
  14. Ville ikkje termar som er nemnde ovanfor i pkt 13. vera meir reelle, beskrivande og funksjonelle?
  15. Fungerer ikkje lekken sosio- i dag tilslørande, desinformerande, upresis?
  16. Dekkjer ikkje termen sosioonomastikk i dag faglege aktivitetar av så mange forskjellige slag at den vert ein slag hodge podge eller lapskaus utan noko substansielt innhald?
  17. Når innhaldet i sosioonomastikken er så sprikande og lite samlande, treng me då eit eige fagfelt sosioonomastikk?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *