New Trends in Nordic Socio-onomastics?

Gunnstein Akselberg

Forskingsnettverker vårt heiter New Trends in Nordic Socio-onomastics. Tittelen eller nemninga er ikkje uproblematisk. I dette vesle blogginnlegget presenterer eg nokre utfordringar til dei tre syntagmastiske einingane New Trends, Nordic og Socio-onomastics.

New Trends

Kva tyder eigenleg New Trends her? Kva skulle i tilfelle Old Trends in Nordic Scio-onomastics vera for noko? For New Trends bør vel stå i motsetning til noko anna, og som rimeleg sett burde vera Old Trends. Og så lenge ein ikkje veit noko presist om kva Old Trends i sosioonomastikken er, altså så lenge det er uklart kva New Trends kontrasterer, vert det òg ei utfordring å avgrensa kva New Trends måtte vera.

Sosioonomastikken er ein relativit ny disiplin, slik at det prinsipielt kan vera vanskeleg å identifisera kva gamle trendar i sosioonomastikken skulle vera for noko.

No kan ein sjølvsagt løysa det problemet ved å seia at ‘gamalsosioonomastikken’ er innkorporert eller vevd inn i eldre lingvistiske/sosiolingvistiske prosjekt som har forskings- og datalikskapar med ‘nysosioonomastikken’. Men om det skulle vera tilfellet, altså at ein vurderer eldre pre-onomastiske studiar som sosioonomastiske studiar, vert jo det litt anakronistisk.

Nordic

Dessutan, kva ligg det i Nordic Soscio-onomastics? Er der sosioonomastiske studiar utførte av nordiske forskarar – som danskar, svenskar, islendingar, færingar, grønlendarar, finnar og nordmenn? Eller tyder det sosioonomastiske studiar som byggjer på nordiske data? Eller er kan henda nordisk i denne samanhengen avgrensa til studiar som lingvistisk sett representerer dei nordiske språka?

Socio-onomastics

Lekkane New Trends og Nordic kan me seia er utmerkingslekkar, the specifiers, til Socio-onomastics som er hovudlekken eller the generic. Og hovudlekken, the generic, altså Soscio-onomastics, er kanskje den mest utfordrande lekken, sjølv om verken New Trends og Nordic er spesielt enkle å ha med å gjera. Hovudutfordringa med lekken Socio-onomastics er at den er knytt til ei fagleg disiplinær kategorisering som er uavklart.

Kategorisering

Ein av grunnane til at ein deler vitskapar inn i kategoriar, er at dei vitskapane som høyrer til ein bestemt kategori har visse kjenneteikn, visse særtrekk, som knyter dei saman og som skil dei frå andre kategoriar. Slike kategoriseringstilhøve er ikkje spesielle for vitskapar, men gjeld òg for gruppering av alle mogelege fysiske og mentale tilhøve. Kategoriseringar er naudsynte for å sortera alle dei impulsane som me dagleg får eksternt og internt livet gjennom. Utan kategoriseringsmekanismar og kategoriseringsmodellar ville verda og vitskapar vera kaos.

Kategoriseringsnivå

Til å byrja med grovsorterer, grovkategoriserer, ein vitskapar og så etter kvart tek ein til med finsorteringar, finkategoriseringar, på grunnlag av bestemte kjenneteikn og særtrekk, ved fysiske eller mentale ‘objekt’. På denne måten har ein fått grovkategoriar som litteratur, fysikk, musikk og lingvistikk, og underkatagoriar som faglitteratur, astrofysikk, atonal musikk og sosiolingvistikk. Og slik kan vi halda på vidare og vidare – eigenleg i det uendelege. Spørsmålet vert når det nyttig å stoppa med underkategorisering. Ja, stikkordet er nettopp nyttig og nytteeffekt. Kva nytteffekt har faglege underkategoriseringsnivåa?

Nyttekategorisering

Historisk er alle vitskaplege kategoriar underkategoriar til tidlegare tiders hovudkategoriar. Det er på denne måten dei moderne vitskapane har oppstått og utvikla seg. Nettopp fordi det var nyttig å dela dei eldre kategoriane opp i underkategoriar, og som har utvikla seg til nye og viktige sjølvstendige katagoriar. Kategoriar med stor nytteverdi har ei ljos framtid føre seg. Hovudkategorien lingvistikk hadde stor nytte av å bli delt opp i mange underkategoriar, og mange av desse har utvikla seg vidare til sjølvstendige svært levedyktige kategoriar. Sosiolingvistikken er til dømes ein vitskaplege kategori som har utvikla seg seg både frå lingvistikken og sosiologien, der det lingvistiske elementet primært har større tyngd enn det sosiale elementet. Sosiolingvistikk er difor ein lingvistisk disiplin og ikkje ein samfunnsvitskapleg eller sosiologisk disiplin, i motsetnad til språksosiologi som er ein sosiologisk disiplin.

Finst kategoriske kategoriar? Grenselandskategoriar og sekkekategoriar

Fleire av vitskapane høyrer ikkje berre til éin vitskapleg kategori, mange vitskapar kan høyra til to eller fleire forskjellige vitskaplege kategoriar. Og dei fleste kategoriar treng heller ikkje vera absolutt kategoriske.

Ofte kan det vera ei utfordring å isolera dei faktorane som avgjer kva for kategori eit konkret eller abstrakt objekt høyrer heime i. Alt etter kva for faktorar ein legg vekt på, kan ein vitskap koplast til éin eller fleire kategoriar. Vitskapar kan såleis vera mangefasetterte og liggja i eit grenseland mellom forskjellige vitskaplege kategoriar. Dei er altså grenselandkategoriar. Vitskapskategoriar kan også vera sekkekategoriar.

Basisfaktorar og kategoriseringar

Uansett må objekta i ein kategori eller det som objekta representerer, ha noko felles med andre kategoriar. Dei må ha ein eller fleire basisfaktorar felles for å høyra til same vitskapsområde. Basisfaktoren for litterære kategoriar er munnleg og skriftleg litteratur. Basisfaktoren for vitskapsgreina lingvistikk, språkvitskap, er skriftleg eller munnleg språk. Og så bortetter.

Lingvistikken kan me dessutan studera i eit kategoriseringsperspektiv som døme på ein sekkekategori som inneheld grovsorteringar, finsorteringar og grenselandsorteringar: allmenn lingvisrikk, generativ lingvistikk, psykolingvistikk, autonom lingvistikk, kulturell lingvistikk, preskriptiv lingvistikk, deskriptiv lingvistikk, psykolingvistikk og så bortetter. Og så må kvar av desse underkategoriane ha sine basisfaktorar, utan heng dei ikkje saman som vitskaplege kategoriar.

Ein kan spørja seg kor finmaska og detaljerte faglege kategoriseringar skal vera utan at dei misser funksjonen sin. For ein utanforståande kan fin- og detalj-kategoriseringar verka unyttige. Men det skal ein ikkje kimsa av. Slike kategoriseringar kan ha ein viktig nytteeffekt for særlege brukargrupper. Som døme tek eg med eit dialektkart over nordfrisiske talemål. Sjå kartet nedanfor som viser talemålssituasjonen på byrjinga av 1900-talet. Grovsorteringa gjøres vanligvis i dei to kategoriane fastlandsnordfrisisk (nr. 4-10) og øynordfrisisk (nr. 1-3). Fastlandsnordfrisisk vert delt i 7 underkategoriar, og den eine av dei igjen i 3 nye underkategoriar, og øyfrisisk i 3 underkategoriar, og den eine av dei igjen i 2 nye underkategoriar.

Slike fine underkategoriseringar er til stor nytte for tradisjonell dialektologi og for lokale og tradisjonelle indititetsrelasjonar.

Dialektkart over nordfrisiske talemål. GIF: Woadan, deutsche Übersetzung Termoderivative work: Murma174, CC BY-SA 3.0 http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/, via Wikimedia Commons.

Lingvistikk, sosioonomastikk og sosiolingvistikk

Onomastikken er til dømes ein underkategori under hovudkategorien lingvistikk. Og sosioonomastikken er atter ein underkategori under underkategorien onomastikken. Også sosiolingvistikken er ein underkategori under lingvistikken. Og sosionomastikken er dessutan påverka og inspirert av soiolingvistikken. Slik sett kunne ein på sett og vis seia at sosioonomastikken også er ein underkategori under sosiolingvistikken, av di onomastikken er ein underkategori under lingvistikken.

Kategoriseringsrelasjonar

I vår sosioonomastiske samanheng er slike kategoriseringsrelasjonelle tilhøve viktige, både for å plassera sosionomastikken i høve til sine språklege slektningar, og av di det er interessant å kunna isolera basisfaktoren som held saman sosioonomastikken. Sameleis som det er interessant å isolera basisfaktoren som held saman disiplinen sosiolingvistikk. Prinsipielt burde basisfaktoren som held saman sosioonomastikken vara identisk den basisfaktoren som held saman sosioolingvistikken. Basisfaktoren vert signalisert ved fyrstelekken sosio- i begge nemningar og bør prinsipielt representera same allmenne relasjonar.

Sosioonomastikk – ein utfordrande kategori

Som eg har nemnt tidlegare i blogginnlegg-samanheng, er sosioonomastikken ein utfordrande vitskapleg kategori. Nettopp av di dei prinsipielle kategoriseringstilhøva er så uklare, og av di dei praktiske tilnærmingane og studiane spriker i så mange forskjellige faglege og vitskaplege retningar. Med tanke på det praktiske aspektet ved disiplinen sosioonomastikk, sosioonomastikk i praksis, ser det ut for at sosioonomastikken kan vera i ferd med gå i retning av ei av-lingvistisk utvikling av disiplinen.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *