Litt om namnsetting av naturlokalitetar i Noreg og i dei norske polare områda

Aud-Kirsti Pedersen
Stadnamnansvarleg for Nord-Noreg i Kartverket

Som ein av forvaltarane av lov om stadnamn i Kartverket, får eg frå tid til annan ønske om at naturlokalitetar må gjevast namn. Eg vil gje nokre eksempel på slike ønske vurdert ut frå reglane i lov om stadnamn. Lov om stadnamn gjeld ikkje for alt område som hører til kongeriket Noreg. Dei polare områda blir forvalta etter andre reglar, og eg vil også komme inn på reglane som gjeld her.

Namngjeving av naturlokalitetar på det norske fastlandet og i norske polare område

Det er ulike reglar for namnsetting av naturlokalitetar på det norske fastlandet og i norske polare område. Den viktigaste skilnaden er at det ikkje er utforma reglar for namnsetting på fastlandet i motsetnad til i dei polare områda, der reglar finst. Reglane for namnsetting av stader i dei polare områda blir handheva av Norsk Polarinstitutt, ein etat under Klima- og miljødepartementet, og reglane går tilbake til 1920-talet.

På det norske fastlandet er forvaltninga av stadnamn i offentleg bruk regulert av lov om stadnamn sidan 1.7.1991, og i tillegg forskrift om stadnamn. Lova og forskrifta gjev reglar for skrivemåten av m.a. naturnamn, men ikkje om namnsetting av naturlokalitetar. Det er Statens kartverk, også omtala som berre Kartverket, som er vedtaksorgan for skrivemåten av m.a. naturnamn. Kartverket er ein etat under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Reglar for namngjeving

I dei norske polare områda kan nye lokalitetar gjevast namn etter desse reglane:

Namnesettinga skal halde fram etter den tidlegare innarbeidde og praktiserte norske tradisjonen for namnesetting i norske polarområde. Hovudregelen er at stadnamna skal skrivast på nynorsk. Det skal leggjast vekt på at namna er stutte, velklingande og høvelege til objektet. Det skal òg takast med i vurderinga dei stadnamna som alt er gjevne i granneområda. Nye stadnamn skal helst vere skildrande.  Personnamn, til minne eller heider for personar, har tidlegare vore mykje nytta i polarområda. Ein skal vere varsam med å bruke slike no, særleg når personen har lita tilknyting til området.

Lov om stadnamn (§ 7) seier at kommunar, fylkeskommunar, statlege organ og reinbeitedistrikt kan namngje stader. Kommunar kan namngje tettstader, grender, gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l. Fylkeskommunar namngjev fylkeskommunale anlegg, og statlege organ namngjev statlege anlegg. Reinbeitedistrikt (dvs. administrasjonen i slike distrikt) namngjev reinbeitedistrikt. Ingen av desse organa har rett til å namngje naturlokalitetar, men Statens kartverk har rett til å fastsette skrivemåten av naturnamn.

Stadnamnlova seier ikkje mykje om namngjeving, men seier (§ 13) at stadnamntenestene skal gje rettleiing og tilråding om skrivemåte, namneskikk og namnsetjing.

I stadnamnlova omtalar § 3 Namnevern namngjeving, og paragrafen er meint å vere til hjelp for namnsetjing av stader. Første ledd i paragrafen seier:

Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn og heller ikkje må vernast av andre grunnar.

Lovpunktet omtalar kva for namn som ikkje kan nyttast i ny namngjeving, (og vi må hugse på at det gjeld andre lokalitetar enn dei som naturnamna er knytte til). Eit verna etternamn kan ikkje nyttast til å namngje ein lokalitet, og her er det lov om personnamn som speler inn. Lov om personnamn seier at om 200 eller færre personar har eit etternamn, så er namnet verna. Eit slikt namn kan altså ikkje brukast for å namngje ein stad. Eit særeige namn kan heller ikkje nyttast i ny namngjeving. Kva som er ”eit særeige namn”, blir ikkje definert, men eit etablert stadnamn vil nok reknast som eit særeige namn. Lovpunktet opnar også for bruk av skjønn med formuleringa ”andre grunnar” – ein kan altså trekke inn forhold som ikkje er nærmare omtala, alt ettersom.

§ 3 andre ledd seier:

Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn som er på same språk, og som har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.

Ein stad som alt har eit namn, kan altså ikkje gjevast eit nytt namn. Unntaket er om staden har meir enn eitt nedarva namn, for då kan eitt av namna takast i bruk i staden for det andre.

Dette lovpunktet har eg t.d. brukt for å avvise eit ønske frå Vardø kommune om å omdøype Kibergsneset, det austlegaste punktet i Noreg, som Østkapp. Med dette namnet ønskjer kommunen å skape eit nytt produkt til å marknadsføre området, altså eit motstykke til Nordkapp, som er ein turistmagnet. Trass i at Kartverket ikkje tillet å ta Østkapp inn på offentlege kart, ser vi at namnet likevel blir brukt lokalt for å omtale staden.

Foto: Dan Tore Jørgensen https://twitter.com/hashtag/kibergsneset?src=hash

Namngjeving av naturlokalitetar

Utover det som er sagt i § 3, har ikkje lova reglar for namngjeving. Namngjeving av naturlokalitetar blir ikkje omtala. Statens kartverk har rett til å fastsette skrivemåten av stadnamn, men har ikkje rett til å namngje naturlokalitetar. Vi må gå ut frå at lova legg til grunn at naturnamna som skal få fastsett skrivemåten etter namnelova, eksisterer per se. Dei finst der på førehand – dei er nedarva. Eigenskapen nedarva eller ”nedervd stadnamn” blir definert som ”stadnamn som munnleg eller skriftleg er overlevert frå tidlegare generasjonar” (§ 2).

Ønske om å namngje naturlokalitetar

Trass i at stadnamnlova ikkje opnar for å namngje naturlokalitetar, får Kartverket inn ønske om å namngje stader. Nyleg fekk vi eit ønske frå ein person som ville namngje eit vatn og ein ås etter foreldra sine. Begge var avlidne, og dottera ville heidre foreldra med å gje vatnet og åsen nær hytta deira namn etter dei. Kartverket avviste ønsket og la til grunn for avslaget at lov om stadnamn ikkje opnar for namngjeving av naturlokalitetar.

Andre slike ønske er ikkje så lette å avslå. Turistnæringa og klatremiljø er døme på grupperingar som skapar nye namn og vender seg til Kartverket for å få namna som dei tar i bruk, til å bli offisielle namn. Namn som Stølsheimen, Breheimen og Skarvheimen er tekne i bruk av Den Norske Turistforening og lokale turlag. Namna har etter kvart blitt vanlege, og dei har fått innpass på offentlege kart.

Nyleg fekk Kartverket inn ønske frå Vesterålen Turlag om å namngje ein varde for Dronningvarden for å heidre dronninga vår. Varden blei innvidd sommaren 2016, og turlaget ønsker no å få namnet inn på offentlege kart.

Kjelde: https://vesteralen.dnt.no/artikler/nyheter/5602-innvielse-av-dronningvarden/ Foto: Ragna Renna

Vesterålen Turlag har også bygd ei hytte i Trollfjorden i eit område som ligg avsides til, og som derfor ikkje har vore utnytta særleg mykje tidlegare. Med auka bruk av området har det blitt behov for å skape nye stadnamn, og turlaget ønskjer å få namna inn i offentleg bruk.

Frå klatremiljø nordpå har det også komme ønske om å få nye namn på fjellformasjonar inn i offentleg bruk. I publiserte turbøker og på nettstader blir bilete og kart utstyrte med dei nye namna som blir brukte i miljøet. Ein del av stadene som blir gjevne nye namn, har alt eit nedarva namn, og det oppstår ein konkurransesituasjon mellom dei nedarva namna og dei nye namna. Fjellet som eg såg kvar dag frå barndomsheimen min og omtalte som Brosmortinden, kallar klatremiljøet for Gullknausen. Det nedarva namnet er avleidd av namnet på ei steinur, Brosmora, under fjellet Brosmortinden. Ura går ned i djupt hav der fisken brosme gøymer seg mellom steinane, og namnet kjem av at ein har fiska brosme i havet ved ura. Klatrarane har gjeve fjellet eit rosande namn – kanskje ut frå at fjellet er populært å klatre i, eller kanskje av at berggrunnen består av raudfarga granitt. Etter lov om stadnamn kan ikkje Gullknausen takast inn i offentleg namnebruk, for fjellet har alt eit nedarva namn som er verna etter § 3 andre ledd.

Foto: Aud-Kirsti Pedersen: Brosmortinden

Namngjeving av nye naturlokalitetar

Klimaendringane gjer at landskapet endrar seg, og nye stader oppstår. Eit døme på dette er Vestistjønna i Hemnes kommune. Etter at delar av Vestisen, ein utlaupar av Svartisen, smelta, oppstod ei ny tjørn. Kartverket blei kontakta om at folk hadde begynt til å omtale den nye tjørna som Vestistjønna, og ein ønskte namnet inn i offentleg bruk. Sidan namnet på denne nye tjørna hadde blitt etablert i den munnlege språkbruken lokalt, vedtok Kartverket namnet etter ei lokal høyring i kommunen og etter tilråding frå Språkrådet.

Noko liknande skjedde i 2006 etter at isbreen Øksfjordjøkelen hadde smelta så mykje at ein ny fjelltopp stakk opp av isen. Brått hadde Finnmark fylke fått eit nytt fjell, som jamvel var det høgste fjellet i fylket. NRK laga ein konkurranse for å finne namn til det nye fjellet, og Loppatinden fekk størst oppslutning av di fjellet ligg i Loppa kommune. Kommunen ønskte også at fjellet fekk eit nordsamisk og eit kvensk parallellnamn, og vi fekk dermed namna Láhppičohkka (Láhppi, nordsamisk øynamn, norsk Loppa; čohkka ‘fjell’) og Lappeanlaki (Lappea kvensk øynamn, norsk Loppa; laki ‘øvste topp av snaufjell’ (Andreassen 2015: 91) og Kvensk stedsnavndatabase.

Loppatinden, Láhppičohkka, Lappeanlaki

Foto: Sondre Kvambekk, www.500fjell.no

Namngjeving av naturlokalitetar på fastlandet før lov om stadnamn

Før lov om stadnamn kom, fanst det føresegner for skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk, men desse omtaler ikkje namngjeving. Likevel viser det seg at kartografar i tidlegare tider har teke inn stadnamn, som ikkje er nedarva på offentlege kart. Dette blei eg klar over etter å ha blitt kontakta av Helen Rost Martins, som fortalde at eit vatn, Helenvatnet, ved den austre delen av Svartisen i Rana kommune var oppkalla etter ho. Helen Rost Martins, som opphavleg er frå Tromsø, hadde i sin ungdom vore med på naturvitskaplege ekspedisjonar i regi av tidlegare museumsdirektør Tron Soot-Ryen ved Tromsø Museum for å kartlegge vegetasjon, insekt- og dyreliv i Svartis-området i soner som nyleg hadde smelta fram av isen. Ekspedisjonane var i perioden 1947–1950. Den siste natta av ekspedisjonen i 1948 hadde dei slått leir ved vatnet, som i dag har namnet Helenvatnet. Også bror til Helen, Finn Rost, var med på ekspedisjonen, og fjellet Finnryggen er oppkalla etter han. Helen Rost Martins trur at også fjellnamna Bloksberg og Nunatak kan vere namngjevne av Tron Soot-Ryen, og namnet Nunatak blei gjeve av di Soot-Ryen meinte at fjellet ikkje hadde vore dekt av is. Typologisk skil namna seg ut frå nedarva stadnamn, så det er sikkert riktig at namna er gjevne av Soot-Ryen. Vi ser også eit namn Lappbreen i dette området, og Helen Rost Martins meiner at Anne Marie-breen var foreslått om denne breen for å kalle opp ein av assistentane ved museet. I staden har nokon meint at samane i området heller burde kallast opp.

Kjelde: www.norgeskart.no

Den naturvitskaplege interessa førte Helen Rost Martins seinare til Universitetet i Oslo og studium i m.a. geologi og paleontologi. I studentmiljøet blant ”geologi-gutta” på Blindern på 1950-talet fekk Helen kjælenamnet Grynet, og ut frå det som ho fortel, har statsgeolog Audun Hjelle, som var ein del av studentmiljøet på Blindern, brukt kjælenamnet hennar for å namngje ein liten holme inst i Rijpfjorden på Svalbard. At det skjuler seg eit kjælenamn bak holmenamnet Grynet, kan ein ikkje vite om ein ikkje har særskilt kjennskap til namngjevinga. Sidan ordet eit gryn ‘avskala korn; kornliknande partikkel’ kan brukast om noko smått, vil namnet Grynet først og fremst bli tolka som eit karakteriserande namn på grunn av storleiken på holmen. Om Grynet også er eit oppkallingsnamn, så har namnet ei dobbel tyding.

Vi kan nok gå ut frå at det neppe er mange andre som har fått stader oppkalla etter seg både på det norske fastlandet og på Svalbard.

Kjelde: TopoSvalbard: https://toposvalbard.npolar.no/

Tydelegare reglar for namngjeving av naturlokalitetar?

Kartverket har tidlegare (i 2011) spurt Kulturdepartementet til råds når nokon har ønskt å namngje ein naturlokalitet som tidlegare ikkje har hatt eit namn. Departementet har uttalt at det verken ønskjer eller vil blande seg opp i namngjeving av naturlokalitetar som ikkje har fått namn frå før av. Etter at Kulturdepartementet uttrykte dette, er lova blitt endra to gonger, og forskrifta éin gong, men endringane i lov og forskrift har ikkje handla om å endra praksis når det gjeld namngjeving av naturlokalitetar.

Det er mykje som taler mot å opne opp for ny namngjeving av naturlokalitetar, for om ein opnar for namnsetting av namnlause stader i naturen, vil truleg mange ønske å foreslå nye namn. Kartverket ville måtte bruke ressursar på å undersøke om staden har eit namn frå før av, og slik etterrøking er tidkrevjande, og metodisk sett er det utfordrande.

Som saksbehandlar av stadnamnsaker i Kartverket finn eg det likevel problematisk at lova ikkje har reglar for å behandle saker om ny namngjeving av naturlokalitetar, for Kartverket får inn ønske om denne typen namnsetting. Kartverket har brukt å seie at namnet veks fram gjennom bruken, og når namnet er etablert, kan det takast inn i offentleg bruk. Men kor lang tid er tilstrekkeleg for å seie at eit namn har vakse fram? I polarområda har vi namnsettingsreglar, og etter kvart trur eg det vil bli naudsynt å utforme reglar også for namnsetting av naturlokalitetar på fastlandet.

Litteratur

Andreassen, Irene (2015): Kvenske stedsnavn i Norge. Alhaug, Gulbrand og Aud-Kirsti Pedersen (red.): Namn i det fleirspråklege Noreg. Oslo: Novus forlag, 85–103.
Informasjon i e-postar frå Helen Rost Martins

Nett

Innvielse av Dronningvarden
Kartverkets nettsider: Håndbok for navnebehandling. 7.2. Namnsetjing av naturlokalitetar.
Kvensk stedsnavndatabase
Lov om personnavn (navneloven)
Lov om stadnamn (stadnamnlova)
Namnehistorie for stadnamn i polare område
Retningslinjer for namngjeving i norske polare område
TopoSvalbard

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *