30 år med lov om stadnamn

Av Aud-Kirsti Pedersen

Innleiing

Noreg til skilnad frå dei fleste andre land har fastsett ei lov som regulerer offentleg bruk og normering av stadnamn. Lova blei iverksett 1.7.1991 og har fungert i vel tretti år. Noreg var det første landet som innførte denne typen lov, seinaret har andre følgt etter, t.d. Estland og Polen. Korfor fekk vi denne lova? Kva er formålet med lova? Korleis verkar lova i praksis – vi skal sjå på nokre eksempel. Og kva har vi oppnådd på desse 30 åra med offentleg namnerøkt?

Namnerøkt rundt omkring i verda

På nettsidene til UNGEGN finn vi eit kart som viser verda inndelt etter fargar for om landet har/ikkje har eit statleg organ med ansvar for språkplanlegging for offentleg bruk av stadnamn. Land med grøn farge har slike organ, land med raudaktig farge har ikkje det, og om landet er skravert med grå farge, er stoda utkjent.

Kilde: UNGEGN

Størstedelen av landa i verda er grønfarga – og det vil seie at det offentlege har rett og plikt til å regulere offentleg bruk og skrivemåte av stadnamn.

Korfor fekk Noreg ei stadnamnlov?

Før lov om stadnamn blei innført, hadde Noreg forskrifter eller føresegner som gav reglar for skrivemåten av stadnamn i offetleg bruk. Skrivemåten av stadnamn på offentlege kart skulle rette seg etter reglane i føresegnene, og den fastsette skrivemåten skulle nyttast av det offentlege, medrekna fylke og kommunar. Sidan reglane var gjevne i form føresegn og ikkje lov, tapte staten ei rettsak om skrivemåten av eit nedarva bruksnamn i 1961 (NOU 1983:6 Om stadnamn s. 50). Høgsterett peikte på at det var naudsynt med ei lov for å kunne fastsette skrivemåten av eit bruksnamn mot viljen til eigaren. Ein språkplanleggingskomité la i 1966 fram ein plan for ei stadnamnlov og offentleg stadnamnrøkt. Ingenting skjedde før vi fekk NOU 1983:6 Stadnamn. Sju nye år gjekk før stadnamnlova blei vedteken av Stortinget.

Formålet med lov om stadnamn?

Då lova først blei iverksett, hadde ho ikkje ein formålsparagraf, men i ein merknad til § 1 i den første lova, kommenterte Kulturdepartemenet at utkastet til lov som var lagt fram frå stadnamnutvalet i NOU 1983: 6 Stadnamn, hadde hatt ein formålsparagraf: «Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som kulturminne og medverke til at namna skal utgjere eit einskapleg namneverk.» Departementet sa seg samd i denne formuleringa, men hadde ikkje funne det naudsynt å ta med formålsparagrafen i lovteksten. Dette skulle snart vise seg å vere ein viktig mangel ved lova.

Hovudregelen for normering av stadnamn skulle ta utgangspunkt i den nedarva lokale uttalen av namnet og følge gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. Kvenske namn skulle følge gjeldande rettskrivingsprinsipp i finsk, men finske stadnamn på Austlandet kunne tilpassast norske rettskrivingsprinsipp. Det er neppe vanskeleg å sjå at normering med utgangspunkt i den nedarva lokale uttalen i bygd og by rundt omkring i landet lett kunne komme på kollisjonskurs med prinsippet om eit «einskapleg namneverk», og målet blei nokså fort utfasa.

Kulturdepartementet sette ned ei nemnd som skulle evaluere korleis arbeidet med lova fungerte. Evalueringsrapporten blei sendt ut på høyring, og på bakgrunn av dette arbeidet blei Ot.prop.nr. 42 (2004-2005) lagt fram for Stortinget.

Det blei vedteke endringar i lova i 2005, iverksette 1.8.2006, og no fekk lova ein formålsparagraf:

Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna (§ 1 første ledd).

Stadnamna skulle takast vare på som kulturminne, men målet om eit einskapleg namneverk var oppgjeve til fordel for ei praktisk skriftform, og ei skriftform som ikkje skulle skygge for meiningsinnhaldet i namnet.

I tillegg kom det med eit viktig andre ledd om at lova skulle sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Seinare har lova blitt endra to gonger, i 2015 og 2019, men formålsparagrafen er ikkje blitt endra.

Hovudformålet – å ta vare på stadnamn som kulturminne

Som ein konsekvens av målformuleringa om å ta vare på stadnamn som kulturminne, fekk lova inn ein namnevernparagraf som seier at det ikkje er høve til å byte ut eit nedarva stadnamn med eit anna namn utan tradisjon på staden, og det er ikkje høve til ta eit namn i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime.

Å ta vare på eit namn som kulturminne inneber å føre namnet vidare, altså å sjå til at namnet ikkje blir gløymd. Når vi bruker eit stadnamn, blir namnet hugsa, og slik blir det teke vare på. Likevel er ikkje aktiv bruk av eit namn tilstrekkeleg for sikre at namnet blir teke vare på som kulturminne. Eit namn kan ha ulike former, og alle utgåver av eit namn er neppe like viktige å ta vare på. Lov om stadnamn seier derfor at vi som hovudregel skal ta utgangspunkt i den nedarva lokale uttalen av namnet når vi skal skriftfeste det, og derfor er det denne forma av namnet som er den eigentlege og verneverdige forma. Samstundes har mange av stadnamna våre ein lang skrifttradisjon, og det kan ofte vere avvik mellom uttaleforma og skriftforma av eit namn.

Vidare seier forskrifta til lova at stadnamn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving i språket som namnet inngår i. Stadnamn som inneheld utdøydde eller uklåre språkelement, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskrivingsprinsipp. Lova har ein unntaksregel som seier at om eit namn har ein skrifttradisjon som har vore lenge i bruk, og er vel kjend og innarbeidd, kan ein sjå bort frå å skrive namnet etter gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp.

Vi ser at lova har formuleringar som opnar for å følgje både nedarva lokal uttale og ein skriftspråkstradisjon på tvers av uttalen av stadnamnet. Det er derfor ikkje føreseieleg korleis eit stadnamn blir normert, for det er mange faktorar som kan verke inn på normeringa, og det er ikkje semje om kva for aspekt ved namnet som er viktigast når vi normerer det. Vi skal sjå på eit par eksempel på praktisering av regelverket.

Namnet på gard 54 Holmåk – Holmvåg i Steigen kommune, Nordland fylke

Kjelde: www.norgeskart.no

Kartverket fastsette skrivemåten Holmåk for eit gardsnamn og avleidde namn i 2018. Vedtaket var i samsvar med tilrådinga frå Språkrådet. Vedtaket blei påklaga av Holmvåg grunneierlag. Klagarane grunngav klagen med at Holmvåg var brukt i daglegtalen, og at ein ikkje kjente til at nokon brukte Holmåk i daglegtalen på minst hundre år.

Uttale, skrifttradisjon og etymologi
Det eldste belegget for den nedarva lokale uttalen finn vi i Oluf Rygh (1905) Norske Gaardnavne Nordlands Amt, s. 256: /”hoɽmo:k/. Uttalen blir stadfest i to namnesamlingar (frå 1968 og 1980-talet). I eit materiale nedskrive av skolebarn i 1936 er namnet skrive Holmåg i tillegg til Holmågelva, Holmågvannene og Holmågaksla. Skrivemåtane avspegler ein uttale /”hoɽmo:g/. Språkrådet fekk stadfest av lokalkjente at uttalen /”hoɽmo:g/ framleis var brukt. I tillegg fanst ein nyare uttale, /”holmvo:g/.

Det eldste skriftlege belegget, af Holmauki, går tilbake til mellomalderen i Aslak Bolts jordebok, ca. 1340. Holmauki er dativ eintalsform sidan namnet står etterstilt preposisjonen af. Nominativsform ville ha vore *Holmauk, og bortfallet av endinga i nominativ kjem av at dialekten er eit apokopemål med bortfall av trykklett endevokal i mange grammatiske kategorier. Matriklane av 1886 og 1907 har skrivemåten Holmaak, mens matrikkelen av 1950 har skrivemåten Holmvaag. Det eldste belegget av Holmvaag er fra 1.2.1910 då ein ny og tilflytta eigar av bruk 54/1 fekk tinglyst at bruket “Herefter skal hete Holmvaag” (innførsel i panteregistret). 1910-folketeljinga har skrivemåten Holmvaag, og skrivemåten heng nok saman med endringa av bruksnamnet dette året. Det eldste belegget på offentlege kart er frå 1905 med skrivemåten Holmaak. Frå 1986 er skrivemåten på kart Holmåk.

Belegget, af Holmauki, gjer det lett å tolke namnet. Forleddet er ordet holme m., belagt i gammalnorsk både som eit svakt og sterkt hankjønnsord, holmi og holmr, med tydningar som 1) holme, lita øy, og 2) liten haug på flatt land. Etterleddet -auk(i) går tilbake på gammalnorsk auki eller aukr, m., begge med tyding ‘auke, tillegg, tilvekst’, jf. ord som skjerauke f, m..‘langstrekt grunning ved eit skjer’ og sandauke m. ‘sandbanke’.

Namneforma Holmvåg
Etter at namnet Holmåk ikkje lenger var forståeleg, kan folk ha kjent trong for å tolke inn ei ny meining i namnet, og det kan vere forklaringa på at den nye brukseigaren ville at namnet skulle vere Holmvaag og ikkje Holmåk. Det er med andre ord ein folkeetymologi som ligg til grunn for omtolkinga av namnet. Eit uforståeleg namneledd blir bytt ut med ordet våg m. ‘djup vik’, som er eit ord med kjent tyding.

Språkrådets tilråding i klagesaka
Språkrådet konkluderte med at trass i at lokalmiljøet identifiserte seg med skrivemåten Holmvåg og den nyare uttalen /”holmvo:g/, tilrådde Språkrådet skrivemåten Holmåk, for denne skrivemåten tok best vare på stadnamnet som språkleg kulturminne, mens skrivemåten “[…] Holmvåg gir et feil signal om innholdet i navnet og dekker over det språklige opphavet. Holmåk går minst tilbake til middelalderen; trolig er navnet betydelig eldre.”

Kartverkets konklusjon og oppretthalding av tidlegare vedtak i klagesaka
Kartverket heldt fram at skrivemåten Holmåk hadde ein ubroten offentleg skrifttradisjon (med variantar som Holmaak, Holmog), og den nedarva lokale uttalen var dokumentert og overlevert til samtida trass i at den nye uttalen hadde blitt vanleg og blei oppfatta som “den riktige” namneforma. At folk lokalt oppfatta Holmvåg som det vanlege og brukte namnet for garden og grenda, var ikkje tilstrekkeleg grunn for Kartverket til å sjå bort frå hovudprinsippet i lova for namnenormering og formålsparagrafen i lova. Steigen er kjent for sin rikdom av fortidsminne, og namnet Holmåk er eit viktig språkleg kulturminne overlevert frå tidlegare tider. I forvaltinga av vår felles kulturarv har vi ansvar for å ta vare på gardsnamnet, som er ein arv frå gammalnorsk tid. Berre skrivemåten Holmåk tar vare på namnet som kulturminne. Kartverket heldt derfor fast på det tidlegare vedtaket for gardsnamnet og dei avleidde namna.

Klagenemndas vedtak
Klagenemnda gjekk samrøystes inn for skrivemåten Holmåk både for gardsnamnet og dei avleidde namna. Klagenemnda peikte på at skrivemåten Holmvåg ville føre til ei omtolking av namnet i strid med § 1 i lova, altså formålsparagrafen. Vi ser altså at formuleringa om at skrivemåten ikkje må skygge for meiningsinnhaldet i namnet, viste seg særs nyttig for å kunne avvise skrivemåten Holmvåg.

Namnet på eit fjell – Kjernfjellet, Tjernfjellet eller Tjørnfjellet i Saltdal kommune

I 2019 starta Kartverket namnesak for å få fastsett skrivemåten av namnet på eit fjell med to offentlege skrivemåtar, Kjernfjellet og Tjørnfjellet, i Saltdal kommune i Nordland fylke. Statens vegvesen bygde tunnel gjennom fjellet, og lokalt meinte ein at tunnelnamnet skulle skrivast Tjernfjelltunnelen. Sidan fjellnamnet er primært, måtte skrivemåten av fjellnamnet avklarast først. Utgangspunktet for normeringa var den nedarva lokale uttalen av fjellnamnet, /’’çæ:ɳ.fjeʎe/, som alle var samde om. Karverket meinte at forleddet inneheldt ordet kjerne f. ‘reiskap til å kjerne smør med’, mens Saltdal kommune hevda at forleddet inneheldt ordet tjern n. ‘lita vassamling’.

Kartverket viste til at saltdalsmålet nytta ordet tjørn f., uttalt /’çøɲ/ for ‘lita vassamling’, (normert tjønn i lokale stadnamn) og at forma tjern var ei skriftspråksform som ikkje inngjekk i saltdalsmålet. Kommunen hevda at dialekten hadde både forma tjønn og tjern i tydinga ‘lita vassamling’. Det lulesamiske namnet på fjellet er Girnno, av ordet girnno ‘(smør)kjerne’. Klagenemnda for namnesaker fastsette skrivemåten Kjernfjellet som offisiell skrivemåte av fjellnamnet trass i sterkt lokalt engasjement for skrivemåten Tjernfjellet. Skrivemåten Tjørnfjellet var ei misforstått normering, og derfor uaktuell.

Klagenemnda la vekt på at det ikkje var tvil om at ordet i forleddet av namnet var ordet kjerne f. og viste til formålsparagrafen i lova om at skrivemåten ikkje må skygge for meiningsinnhaldet i namnet. Tunnelen blei skilta KjernfjelltunnelenGirnotunælla. I lokalmedia blei vedtaket sterkt kritisert, og Kartverket blei skulda for å vise maktarroganse og å overkjøre lokale synspunkt.

Foto: Ronald Nystad-Rusaanes

Praktisk skriftform

Vi har sett at formålsparagrafen har ei formulering om at skrivemåten skal vere praktisk. Dette er prinsippet er særleg aktuelt når kommunane lagar adressenamn. Memorialnamn er populært som adressenamn, og vi veit at personnamn ofte har individuelle skrivemåtar som bryt med rettskrivingsprinsippa i språket. Namn som P. A. Heuchs gate, F. L. Suhrs veg, Chrystiesgate, Wiekes vei har skrivemåtar som ikkje er føreseielege, og dei er derfor upraktiske. Om skrivemåten av namn skapar problem for brukarane, er skrivemåten upraktisk.

Offentleg bruk av minoritesspråklege stadnamn

Då lov om stadnamn kom i 1991, hadde lova ein paragraf som sa at «[s]amiske og finske stadnamn som blir nytta blant folk på staden, skal til vanleg brukast av det offentlege på kart, skilt, i register m.m., saman med eventuell norsk namneform».

Det var likevel svært vanskeleg i dei første åra å få gjennomført saksbehandling i kommunane og å få kommunane og andre offentlege organ til å gjere vedtak i namnesaker om samiske og kvenske stadnamn (termen finsk blei brukt tidlegare). Om den første tida med lov om stadnamn, sjå t.d. Helander (1994). Frå 2006 fekk Statens kartverk ansvar for å fatte vedtak på vegner av andre statlege organ, t.d. Statens vegvesen, Avinor, Kystverket og Statskog, og problemet med manglande vedtak i reiste saker fekk no ei løysing på statleg nivå. Men framleis var og er manglande vedtak i fylke og kommunar framleis eit problem – også i saker som gjeld norske stadnamn. Då lova fekk formålsparagrafen med formuleringa at «lova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar», var og er denne formuleringa viktig å vise til overfor både privatpersonar og aktørar i offentleg forvaltning.

Offentleg bruk av stadnamn kan delast inn i ulike domene i samfunnet. Dei minst institusjonaliserte namna er naturnamna, namn på naturobjekt av ymse slag. Andre typar namn som er meir institusjonaliserte, er gards- og bruksnamn, namn på busetjingar (byar, bygder, grender), namn knytt til samferdsel (tunnelar, haldeplassar, ferjekaier, flyplassar o.a.), administrative namn, adressenamn, namn på geistlege bygg og administrative organ o.a.

Dei minoritetsspråklege stadnamna har etter kvart blitt tekne i bruk i fleire offentlege domene, t.d. innafor samferdsel og som administrative namn (kommune-, fylkes- og landsnamn), og synet på minoritetsspråkleg stadnamn i offentlege kontekstar har endra seg radikalt frå 1990-talet då skilt med samisk tekst blei ramponerte, t.d. med å bli skotne på med hagle eller å bli fjerna. Trass i at situasjonen har endra seg mykje, er det enno ikkje sjølvsagt at offentlege gjer det dei skal for å iverksette intensjonen med lova. Statens kartverk gjorde t.d. vedtak 31.10.2018 om eit lulesamisk namn, Bådådjo girddesalljo, for Bodø lufthavn og seinare samisk og kvensk namn fastsett for mange ande flyplassar. Avinor har likevel ikkje skilta ein einaste flyplass med samiske og kvenske stadnamn.

Kartverket har også fatta vedtak om trespråklege namn på tunnelar som Statens vegvesen har ansvar for å skilte, men Vegvesenet har i nokre tilfelle berre skilta med norsk namn. Eit eksempel er dei vedtekne tunnelnamna Sørkjostunnelen (norsk), Reaššegeaštunealla (nordsamisk), Rässikäisentunneli (kvensk) 11.4.2018 i Nordreisa kommune.

Sørkjostunnelen – kor blei det av namna Reaššegeaštunealla og Rässikäisentunneli?
Foto: Nils-Arne Larsen

Namnet på byar, bygder og grender er det kommunane som har rett til og ansvar for å fastsette skrivemåten av, og lenge var det vanskeleg å få kommunane til å saksbehandle slike namnesaker. Situasjonen no er endra, og mange samiske og kvenske namn på busetjingar har blitt fastsette og er blitt skilta. Likevel er det framleis mange stader som enno ikkje har fått fastsett samiske skrivemåtar av namn på busetjingar, jamvel i kommunar innafor det samiske forvaltingsområdet. Det same gjeld kvenske namn. Ein del har blitt skilta, men framleis er skiltinga mangelfull i mange kommunar.

Minoritetsspråklege adressenamn er det få av. Nokre kommunar har ønskt å bruke fleirspråklege adressenamn, men ønska deira er blitt avviste fleire gonger når spørsmålet har blitt teke opp med Kommunal- og moderniseringsdepartemetet. Avslaget har blitt grunngjeve med at eit adessenamn må vere eintydig ut frå eit krav til adresser i den såkalla matrikkelforskrifta. Eintydigheitsargumentet har blitt tilbakevist som ugyldig, for eit fleirspråkleg adressenamn er ikkje mindre eintydig enn eit einspråkleg adressenamn. I begge tilfelle viser namnet/namna til ein bestemt stad. Eit meir relevant problem som må løysast for å kunne ta i bruk fleirspråklege adressenamn, er at registra som namna blir registrerte i, ikkje er blitt utforma til å kunne takle fleirspråklege adressenamn.

Innafor det geistlege domenet har det ikkje vore vilje til å skilte kyrkjer, kapell og administrative einingar på minoritetsspråk. I mi tid som saksbehandlar av namnesaker i perioden 1991–1996 (som sekretær for Namnekonsulenttenesta for norske namn i Nord-Noreg (tilsvarande Språkrådet i dag) og som stadnamnansvarleg for Nord-Noreg i Kartverket 13.8.2012 til i dag, har eg geistlege namn i namnesaker når det har vore aktuelt. Til dags dato har enno ikkje eit einaste minoritetsspråkleg namn blitt fastsett innafor det geistlege domenet så vidt eg kjenner til.

Kva har vi oppnådd etter 30 år med offentleg namnerøkt?

Spørsmålet femnar vidt, og det er uråd å svare kort på det. På dei tretti åra har svært mange namn blitt normerte til offentleg bruk i heile landet. Sentralt stadnamnregister tel i dag over 1 101 000 namn. Av dette er over 31 000 samiske namn og over 2 900 kvenske namn. Namn vedtekne etter lov om stadnamn utgjer ca. 10 av namna i registret.

Det er stor merksemd om det offentlege namnearbeidet. Det skjer nesten aldri at eit dokument blir sendt ut utan at det kjem innsynskrav frå media eller privatpersonar. Namnespørsmål engasjerer. Om eit norsk namn har ein skrifttradisjon, er det vanleg at folk vil halde fast på den tilvente skrivemåten sjølv om skrivemåten går på tvers av uttalen. Om skrivemåten til eit norsk namn er lite kjent, er det vanleg at folk ønsker ein mest mogleg dialektnær skrivemåte, og ikkje normering etter gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp i språket. Derfor er normeringa av norske stadnamn svært varierande og i alle fall ikkje einskapleg.

Etter lovendringa i 2015 fekk brukseigarar rett til å fastsette ein annan skrivemåte av nedarva bruksnamn enn den skrivemåten som følger av hovudregelen i lova. Brukseigarar som ikkje ønsker den skrivemåten som følger av hovudregelen i lova, kan nytte ein annan skrivemåte av bruksnamnet. Kravet er at brukseigar må dokumentere at skrivemåten har vore i offentleg bruk som for hans/hennar eige bruk. I eksemplet med matrikkelgard 54 Holmåk valte brukseigarane som hadde bruk med namn samanfallande med gardsnamnet, skrivemåten Holmvåg (to av bruka) og Holmvaag (eitt bruk). Lovgjevar har fastsett ei viktig avgrensing i bruken av det vi omtalar som eigarfastsette skrivemåtar av bruksnamn for ikkje å uthole formålet med lova, altså å ta vare på stadnamna som kulturminne. Det er nemleg ikkje høve til å legge ein eigarfastsett skrivemåte til grunn for skrivemåten av andre namn, t.d. av eit adressenamn som bygger på eit nedava bruksnamn. Med denne unntaksregelen vil det ikkje oppstå situasjonar som på 1960-talet med rettsak mellom staten og brukseigar på grunn av usemje om skrivemåten av eit bruksnamn.

Etter tretti år er nok dei største endringane i offentleg namnebruk at minoritetsspråklege stadnamn som før berre fantest i munnleg språkbruk, har blitt skriftfesta og har komme inn i offentleg språkbruk. Situasjonen er mest markant endra for bruken av kvenske namn, som nesten ikkje var brukte av det offentlege. Samiske naturnamn har vore på offentlege kart alt frå gammalt av, men no har samiske namn også komme inn i forskjellige andre offentlege domene slik eg alt har gjort greie for. Mykje er oppnådd, men framleis har vi mange utfordringar innafor offentleg onomastisk språkplanlegging.

Litteratur og nettkjelder

Helander, Kaisa Rautio (1994): Stedsnavn i flerspråklige områder i Norge. Hvordan norske, samiske og finske stedsnavn brukes i offisell og uoffisiell sammenheng i Norge. Ulfsparre, Göran (red.). Ortnamn värda att vårda. Stockholm, s. 123-134.

Kartverket

Lov om stadnamn: Lov om stadnamn (stadnamnlova) – Lovdata

Møteprotokoll Klagenemnda for stedsnavnsaker, 30.11.2018

Møteprotokoll Klagenemnda for stedsnavnsaker, 12.6.2020

NOU 1983:6 Stadnamn

Ot.prop.nr. 42 (2004-2005)

Rygh, Oluf 1905: Norske Gaardnavne. Nordlands Amt. Kristiania.

Sælid, Hege 2021: Stedsnavn er kikkhull inn i fortiden.

UNGEGN Geographical Name Authorities

Vedtak i sak 2018/149 Holmåk i Steigen kommune. Sakspapir.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *