Av Krister Vasshus
I nordiske namnetradisjonar, kjem tabu til uttrykk på litt ulike måtar. I dette blogginnlegget vil eg kikke nærare på to typar tabu. Det eine tabuet gjeld dyr som me ut frå samanliknande språkvitskap kan sjå at har vore tabubelagde. Det andre tabuet gjeld religion.
Tabulagde ord brukt i namn
Me kjenner alle til nordiske namn der dyr inngår som del av namnet. Bjørn er kanskje det mest brukte i dag, mens Arne og Ulf/Ulv nok òg verkar kjent ut for dei fleste. I ditematiske namn er dei òg vanlege, og især ulven går mykje igjen i gamle germanske namn, som Rolf (av eldre Hróðulfr), Wulfstan og Wulfila. Eigentleg er det litt pussig at akkurat ulven har vore eit så ynda tema i eldre tid, ettersom me ser tydelege teikn på at sjølve ordet for ulven har vore kraftig tabubelagt.
Det urindoeuropeiske ordet for ulv var *wĺ̥kʷos, men utviklinga til det moderne ordet ulv har vore litt snørklete. Den regelrette utviklinga burde ha vore til urgermansk *wulhʷaz, men alle dei germanske språka viser at utgangspunktet var *wulfaz, altså med f istadanfor hʷ. Det er ikkje første gong ein har tukla med lydane i dette ordet, for det greske ulveordet lukos viser at ein bytta om på dei to første lydane i urindoeuropeisk *wĺ̥kʷos til *lẃkʷo.
At det har vore nifse greier å skulla uttala ulvens riktige namn, er altså tydeleg. Dette er nok òg grunnen til at me i moderne tid har namn som gråbein, tassen og varg, som altså er noaord (som erstattar eit tabubelagt ord).
Tilsvarande er det med bjørnen. Det skandinaviske ordet bjørn er i seg sjølv eit noaord. Det er laga som ei forvansking av urgermansk *beran, som i seg sjølv nok òg var eit noaord som tydde ‘den brune’. Det urindoeuropeiske ordet *h₂ŕ̥tḱos skulle ha utvikla seg til norsk *urt (gjennom urgermansk *urþhaz), men ein har altså unngått ordet heilt her i Norden. Likevel har ein sett på dyret med ein viss beundring, og ein har brukt ordet bjørn som element i personnamn.
Gudar i namn
Religiøse termar går ofte igjen i dei eldste namna i Skandinavia, så det har òg vore eit ynda motiv. Skulle ein kalla opp gudar, var det likevel eit viktig prinsipp: Aldri direkte oppkalling! Ingen kunne heita Frøya eller Njord, Dis eller Ås. Skulle desse guddommane brukast i namn, måtte det vera i ditematiske samansetjingar. Frøydis var derfor akseptabelt, og Torbjørn likeeins. Det er først i moderne tid at ein har byrja å gi ungar namn frå gudeverda. Tor, Odin og Frøya er derfor ikkje heilt uvanlege namn i dag. Sjølv jotunnamn som Loke og Trym, eller dvergnamn som Sindre er heilt akseptable i dag. Men det religiøse tabuet er nok likevel ikkje heilt vekke. Det høver dårleg med språkkjensla vår dersom nokon har namnet Jesus, sjølv om det er eit akseptabelt namn i andre kulturar. Endå verre blir det dersom me leikar med tanken om Heilagånd eller Gud som personnamn.
Oppsummert kan ein seia at dei to formene for tabu kjem til uttrykk på forskjellege måtar i språket. Der me må rekna med at gudanes namn har vore brukte i kvardagen, har ein likevel vegra seg mot å kalla gudane eller guddommelege vesen opp med direkte oppkalling. Motsett har det vore med dei skumle dyra, som ein helst ikkje ville kalla på direkte. Sjølv om ein har gjort språklege krumspring for ikkje å ytra dyras ord høgt, har ein likevel ønska å vidareføra dyras kraft inn i personnamnestoffet.